Velkomen kjære gjest,
Å reise på tur er noko dei fleste ser fram til. Å kome til oss betyr at du har valgt ein tur eller ferie med fokus på nærheit til natur, flotte opplevingar, god mat og drikke og ikkje minst personleg service.
Vi håper du får inspirasjon til å ta turen til fjord- og fjellriket på indre Sunnmøre og omegn. Her er det godt å vere for både liten og stor!
Vi skreddarsyr opphaldet ditt!
Helsing Gro Marita Stennes Valdal turskreddar
Bileta som er vist i presentasjonen øvst på sida er tatt av lokal fotograf Vegard Lødøen og er i hovudsak tatt i fjellheimen på indre Sunnmøre og regionen rundt. Bileta kan ikkje brukast utan samtykke frå fotograf.
|