Vi lagar utfordrande og underhaldande aktivitetar og opplevingar skreddarsydd for akkurat di bedrift.
Vi har varierte tilbod uansett årstid, og har spesialisert oss på å skreddarsy ulike program etter ønskje frå våre kundar.
Fantastiske naturopplevingar i kombinasjon med aktivitetar, god mat og god drikke er den beste rekreasjon etter hektiske dagar på jobben.
Legg eit opphald til fjord- og fjellheimen på indre Sunnmøre og motiver tilsette til ny innsats.
Kurs/seminar med skreddarsydd innhald
Legg bedriftsinterne kurs eller seminar hit og få eit 2 eller 3-dagers program med fagleg og sosialt samvær.
Blåturar og kundeturar
Vi lagar heilt spesielle blåturar. La "sosialkomiteen" i bedrifta få vere med på same moroa som alle dei andre tilsette - i alle fall for ein gongs skuld..
Ta med viktige kundar på guida tur til gamle fjordgardar i UNESCO verdsarvområde, gje dei lokale, ekte opplevingar innanfor kultur, mat og drikke. Dette er opplevingar som kundane dine veit å sette pris på.
Ring oss for eit uforpliktande tilbod!